
Har hatt nokon gode dagar med besøk, og det er verkeleg deileg med gjester som finner fram sjølv, lagar mat og ryddar opp, og let den høggravide vertinna ligge på sofaen og kvile seg.
Svigerforeldra mine ankom heimen saman med ein enorm tv som no står midt i stova, snakk om diger julegåve. Me reiste avgårde på lille julaften til drammen og fagmøbler, for å kjøpe akkurat den riktige tv-sjenken som passar til spisestova.
Mammaen min kom til middag på lille julaften, og lille Anna fekk inflasjon av fang å sitte på, det er jammen kjekt å være to år og ha besøk av alle besteforeldra på ein gong. Ho bur hjå oldemoren, men er her på dagane.
Til middag 1. juledag kom også oldemor og tantekusine Ragnhild. Kjell laga ovnsbakt laks og eg måla barneansikt etter middag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar