Årets kalkunmiddag var i går kveld, veldig koseleg middag med masse gjester.
Kjell hadde kjøpt den største han fann på butikken, og vekta på denne fuglen bikka 7,1 kilo.
Kalkun skal steikast på 160 grader i 40 minuttar per kilo. Mitt triks for å få ein saftig fugl er å tine den i tre dagar i eit kjølig rom. Steikedagen så tørkar eg av den med papir, tømmer appelsinjuice over heile fuglen, og har på salt og pepar på begge sider.
Det er omlag ein cm appelsinjuice i langpanna når eg setter fuglen i ovnen. Så smeltar eg smør, og penslar øverst kvar halve time gjennom heile steiketida. Eg måtte og fylle på med appelsinjuice halvveges i steikinga i går.
Mamma laga waldorfsalaten i går, dette er oppskrift til 6 p.
Dressing
3 dl piska kremfløyte
1 dl majones
1 ss sukker
1 ts sitronsaft
4 epler
4 stilkar stangselleri
1,5 liten boks ananas
50 g valnøtter
400 g blå druer
Pynt med druer og valnøtter. Kjempegodt!
Når fuglen var ferdig, flytta me den over på eit stort brett kledt med aluminiumsfolie, så kan den serverast på bordet.
Medan fuglen kvilte laga eg sausen.
4 ss smør
4 ss kveitemjøl
brunast lett
spe med appelsinjuicekraft frå steikebrettet til kalkunen, eg hadde omlag 8 dl.
Den var litt sterk, så eg tilsatte 3 dl fløyte, ein kan bruke mindre enn dette.
Kok opp, og server varm med poteter, gulrøtter og dampa brokkoli til :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar