mandag 29. desember 2008

Kvar er Dart?


Har du sett den svenske serien "Redda Joppe - død eller levande"?
Det heile handlar om kosedyret Joppe, som er det beste kosedyret i heile verda, og som ein ikkje kan leve utan, og som sjølvsagt rotar seg stadig bort, og må reddast ut av dei mest dramatiske situasjonar.

Vår Joppe heiter Dart. Han er ikkje oppkalt etter Darth Vader (trur eg), men gullungen gav han namnet heilt sjølv, når ho var under året gammal.

Dart har vore sakna sidan julafta omtrent. Den samme tida som me har vore forkjøla, litt av og på feber og i tillegg var Mimmi på flatseng på barnerommet den samme kvelden, noko som gjorde at gullungen kunne breie seg midt i dobbeltsenga, med alle kosedyra sine.

Så eg hadde ein rimeleg aning om kvar Dart kunne være, men det er ikkje så fristande å flytte unødvendig rundt på digre rammemadrasser, utan at det er tvingande naudsynt. Me har heldigvis ein backup til Dart, det er Kanin, for å sikre husfred nattestid.

Dart er og av rasen kanin, men tydeleg meir unik enn Kanin, sidan han er tilgodesett med eige namn.

Ihvertfall, bak dobbeltsenga, der låg han og gliste. Ikkje var han åleine heller. I løpet av ei veke var det samla seg tre (3!) smokkar, ei lita handveske, ein hårstrikk, ein stor kosebamse, ei bok om babyen inne i magen, og Dart.

Symptomatisk for juleferie i senga? :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar