mandag 7. desember 2009

Dagens: frå barnemunn


Me var i bilen på veg heim frå juleavslutning med koret (som er utsett til neste veke, men det er ein heilt annan sak, me fekk vaffel i dag allikevel), og så kjem det frå gullungen i setet sitt:

- jeg vil ha en rosa bil
- ok, kva skal du med den
- jeg skal kjøre heilt sjølv
- kvar skal du køyre då, jenta mi
- jeg skal kjøre til Oslo og kjøpe elefantfilm

Kvar det kom frå, veit eg ikkje, men det var heilt ut av lause lufta!

I det me skulle ut av bilen seier ho også "jeg er liten og sliten". Dette var visstnok noko ho har plukka opp frå barne-tv.

Eg må le!

2 kommentarer:

  1. Haha, så morsomme barn kan være :)

    Gleder meg til Kristian kommer med gullkorn :)

    SvarSlett
  2. Så vittig! :)
    Er så gøy når de kommer med sånne gullkorn:)

    SvarSlett