tirsdag 29. desember 2009

Heilsteikt kalkun med appelsinsaus

Det er kalkuntid att, og årets kalkun har appelsintema.

Me har ein forhaldsvis liten fugl på 3,5 kilo i år. Sidan me var på tur, vart me litt seint ute med innkjøpet. Den har derfor fått tine i langpanne på badegolvet i natt, sjølv om det beste er at den skal lang-tine i kjøleskap i tre dagar. Gni skinnet med smør og salt og pepar. Eg brukar flytande melange og berre sprutar på, det er mest lettvindt.

Appelsinstuffing
Poenget med stuffing er at det skal gje litt smak til kjøtet. Ikkje fyll den heilt opp, då kan den trenge lengre steiketid.
1 appelsin
8 aprikosar
8 svisker
1 ss rosiner
1 ss hakka valnøtter
Bland saman og fyll i. Bind saman beina med hyssing.

Steiking
Fulgen skal ha romtemperatur når du byrjar steikinga. Steik på 160 grader i 30 min per 1/2 kilo, dvs 3,5 kilo = 3,5 timar. Den skal ha 70 grader kjernetemperatur, då er den perfekt. Denne kalkunen vår har innebygd steiketermometer, så då brukar eg kun det.
Fyll appelsinjuice i langpanna så det dekker botnen. Den fyrste halvtimen legg eg brystet ned. Etter eg snur den, så dekker eg brystet med aluminiumsfolie i ein time, så slepp eg at den blir svidd.
Eg penslar oversida av kalkunen med smør (ein sprut flytande melange) og etterfyller juice i panna kvart 30. minutt, då blir den saftig.

Appelsinsaus
All kraften frå langpanna - eg fekk ca 8 dl
1 ts kanel
1 ts vaniljesukker
Saft og skall frå ein appelsin
2 dl fløyte
2 ss kveitemjøl
1 dl appelsinjuice

Eg kokte opp krydder pluss appelsina fyrst, og tilsatte all steikekraften. Kok opp med fløyte oppi, eg brukte kremfløyte, men matfløyte fungerar også. For å få sausen litt tjukkare lagar eg ein jamning, rist kveitemjøl og appelsinjuice i eit glas, og hell i medan du rørar. Kok opp, og lat stå og småputre så lenge som mogeleg.

Serverast med waldorfsalat og poteter.
Denne vart kjempegod, og eg fekk masse skryt :)

2 kommentarer:

  1. Dette ser fantastisk godt ut! Flink du er som gir deg i kast med slike store fugler, hehe :-)

    Ellers ville jeg bare ha sagt Godt nyttår til deg og dine!

    SvarSlett
  2. Det er ikkje så vanskeleg, og ein saftig kalkun er ein super festmiddag!

    Riktig godt nytt år til deg og dine, Scapa! Det er så kjekt å ha blitt kjend med deg!

    SvarSlett