Kjell ser på filmar eg ikkje er så interessert i, så eg er lettare inspirert i fri utfoldelse i blogglandia i kveld.
Hovudtema for søkinga i kveld er klatrevegg på barnerommet. Anna elskar jo å klatre, og det er ein kjempefin mogelegheit å utnytte dette knøtte-rommet hennar i høgden også. Strengt tatt så treng ho kanskje ikkje nokon eigen vegg, for ho klatrar oppover utsida på køyesenga som eit lite ekorn.
Men det er spennande å søke rundt på litt inspirasjon, og ein klatrevegg og ei køyeseng er jo to heilt forskjellige utfordringar. Det er klatrevegg på Asker bibliotek også, me brukar den eindel, men den er for litt større born, grepa er langt frå kvarandre, så ho kjem ikkje heilt opp i den enno.
ERGO holds har klatregrep for barn til salgs hjå barndesign.se. Dei kostar 299 for 11 stk, det er litt meir aktuelt.
Wallclimb.no har morosame figurar med mellom anna is og elefantar 1.500 for 5 stk.
Top30norge.no har mykje å velge mellom, men kombinasjonen av ingen pris oppgitt, og klassifisering som top of the notch kvalitet er litt avskrekkande for meg.
Klubben.no har 15 grep til småp barn for kr 686.
Klatresiden.no har 15 grep til kr 650. Desse grepa har to skruehull, noko som visstnok er anbefalt, for å hindre at grepa kan snurre rundt dersom dei ikkje er godt nok festa.
Sommerbutikken.no har 5 grep frå 295 og oppover, men inne på sida der har dei også klatretau og stige, det hadde vore gøy å ha. Eg ser for meg skikkeleg Pippi-rom her no.
Skandinavisk høyfjellsutstyr og Bauhaus skal visstnok ha klatrevegg-utstyr, men eg finn ikkje noko på heimesidene.
Eit par andre tips som eg har plukka opp på vegen til eit bra leike/barnerom er musematter på veggene, ringar i taket, hyller med oppbevaringsplass, og balanseputer.
Så kjekt at du kjenner Anne-Grete da, supersøt jente! Har ei god venninne på Gåseid, som scrapper MYE, Kari-Anne heter hun -er det den samme som du kjenner?
SvarSlettKule de var de bokstavene!
Ha en fin fin dag.
Klem Marianne
Hei
SvarSlettHer har jeg ikke vært før... så koselig side du har... nydelige barn, å de brownies så utrolig gode ut, mye flott og variert her :)
Ha en fin kveld. Klem fra Mette
Marianne - det er samme jente me kjenner då! Så koseleg at du kjenner henne. Eg har sendt julekort til dei i dag :)
SvarSlettMiss Mette - tusen takk for koseleg kommentar!