
I september la Mammadamen ut link til Thinking of you-prisen 2009. Eg tenkte at dette var ein konkurranse som eg hadde lyst til å delta i, og har lest såpass mykje om Fattighuset i media, at eg var aldri i tvil om at eg ville stemme på dei.
Eg var rask på avtrekkaren, og nominerte Fattighuset som første bloggar, og var tilogmed første deltakar i konkurransen! Les nominasjonsinnlegget her:
http://propelle.blogspot.com/2009/09/thinking-of-you-2009.html
For litt tid tilbake, så ringde jo sjølvaste Mammadamen og fortalde at Fattighuset og eg var vinnarar av bloggkonkurransen! Hurra!
I dag har det vore prisutdeling, og Magnus og eg har vore på Fattighuset, og overrakt diplom. Det var veldig kjekt å få være ein del av det å hjelpe dei med å hjelpe andre. Prispengane Fattighuset fekk frå Elektrolux var allerede investert i to store flotte nye energiøkonomiske fryseboksar, som allerede var fylt til randen med mat som skal delast ut.
Eg vil gjerne blogge meir om Fattighuset, og kva dei gjer for noko der, men akkurat no kjenner eg at det er leggetid. Me har hatt ein lang dag i dag, med bytur og prisoverrekkelse, baking av sjokoladebiscotti og sjokoladetrøfler som skal bli julegåver til dei flinke ansatte i barnehagen til Anna, samt kveldsshoppingtur med GK, eg måtte få tak i cellofan til å pakke inn nemnte julegåver.
Cellofan får du forresten rimeleg på blomebutikkar! Eit godt tips frå Lisemor!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar