mandag 7. juni 2010

Blått flagg til Hvalstrand


Sommaren er her, og heile familien har kosa seg på Hvalstrand i helga. Den oppblåsbare krokodillen frå Lanzarote i fjor fekk komme fram frå boden, og fekk blåst nytt liv inn i seg! Anna og nabojenta plaska rundt i vatnet, medan mor hadde det best på land. Magnus var ikkje så interessert i å bade, han syntes nok det var litt kaldt i vatnet framleis han også. Ei bøtte og ein spade og masse sand var det aller beste etter hans meining.


Eg må skryte litt av stranda vår, som er ein av fem norske strender med Blått flagg-sertifiseringa i 2010. Blått Flagg er ein høgthengande internasjonal miljøsertifisering som stiller strenge krav til mellom anna vatnkvalitet, sikkerheit, service og miljø.


Eg tok ingen bilder i går, så bildet er lånt frå Aftenposten.

Les meir om Blått Flagg på FEE


--

Neste blogginnlegg herfrå skal være avsløring av ein overraskelse :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar