
Eg må berre vise fram dette bildet av dei to skjønningane mine. Her har dei kvar sin tannbørste, og satt seg godt oppi det trongaste hjørnet på badet, imellom høgeskåpet og kommoden (dette er forøvrig også frk A sitt furtehjørne, når ho er skikkeleg misfornøgd med noko, så trekker ho inn her).
Begge to er heldigvis "glad i" og utfører tannpussen sin (med god hjelp, sjølvsagt), og noko av grunnen trur eg er Tannpussesongen! Til kvar tannpuss så synger vi denne!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar