torsdag 10. juni 2010

Vårt eine hageprosjekt - vesleplenen og terrasse

Tusen takk for koselege tilbakemeldingar på vår vesle store overraskelse! Me synes sjølv at det er litt overveldande å skulle bli trebarnsforeldre, men alle venner og familie er superpositive og oppmuntrande. Det har ikkje vore nokon kjipe "blomsten og bien"-kommentarar, men tvert om beundring og støtte! Fenomenalt. Folk er supre!

Eg tenkte å blogge nokre hagebilete i dag, og skrive ned litt om den delen av hagen der me definitivt tilbringer mest tid. Tomta vår består av litt over to mål, der 90% av hagedelen er urskog/skvallerkål (føles det som). Då er det godt å sitte ein plass der ein ikkje må luke!

Då me flytta hit i 2006 så hadde me ein liten terrasse på solsida utanfor stova, og ein smal gangveg på vestsida av huset. I fjor bygde Kjell og pappaen ein deileg platting på nordsida, og i år er prosjektet å utvide gangvegen som forbinder desse to. Nedanfor her er det ein liten grøn flekk.

Først eit bilete frå i fjor, tatt medan me var kaninpassarar (dei samme kaninene som brutalt vart bitt i hjel av hundar som sprang laus utan band - husk bandtvang!).
I framgrunnen er rosebedet, så vår litt skeive plen, til høgre er alma som måtte bøte med livet, og lengst frå oss i bildet er den buskplanta skråninga som fører ned til skvallerkål-land.






Så, litt tidsmaskin. Jepsi pepsi, no er det april 2010, og alma har tapt for trefellarskvadronen. Kor nervøse svigermor og eg var medan den heile operasjonen pågjekk skal eg ikkje gå inn på i detalj, men dei staute karane hadde full kontroll, og alma landa midt mellom rosebusken og rhododendronen. Eg kunne ikkje planlagt det betre sjølv (reint bortsett frå at gjerdet er modent for ein utskiftning, så det kunne eigentleg godt blitt knust).


På biletet ovanfor der dei to stammene ligg er det meininga at det skal bli ein ny trapp ned til urskogen. Det er ca fem meter med skråning før ein kjem ned på neste platå. Planane der nede skal eg ikkje gå nærare inn på enno, men eg ønsker meg ihvertfall ei murt trapp med eit stort repos midt på. Optimalt sett har me også ei lang aluminiumssklie ved sidan av, det vil glede både mor og barn å kunne komme raskt ned.

Der min kjære mann har laga midlertidig vedlagring, er tilfeldigvis samme plass som mitt nye blomebed skal bli...

Siste bilde for i dag. Reisverket til nyedelen er på plass. Dei har starta å legge dekke på nordenden, dvs lengst bort i bildet. Me skiftar ut alt dekket, då det a) ser penare ut, b) faktisk er enklare å legge, då gammal plank og ny plank ikkje er samme størrelse, c) me må finne ein ny måte å behandle tregolvet på, for brun husbeis på terrassegolv er veeeldig varmt å gå på!

Resten av terrassedekket blir truleg lagt under neste svigerforeldrebesøk, dvs i slutten av juni. Då bytter me ut all plank på vestsida av huset, og får på plass rekkverk, så ikkje gullungane syklar over bord. Det er ganske langt ned, ca to meter der den vintergrønne busken i framgrunnen er.
(og ja, vedlagringa er der framleis. Det får då være grenser for kva gravide koner skal måtte rydde rundt på. Det har blitt litt blomebed langs kanten av gjerdet på begge sider av veden..)



Har du nokon hageprosjekt på gong?

Og kan du anbefale ein god terrassebeis eller olje eller noko anna genialt?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar