Dette er ein del av hagen som er veldig skjerma, naboane (rett fram i bildet) er langt unna, og hagedelen ligg mellom vårt hus til venstre, og urskogen til høgre. I 2007 satte Kjell og svigers opp gjerde rundt heile platten og hageflekken.

Det har vore ope under terrassen med trapp opp til 2. etg, men der vil me lage ei lita bod til å ha alle ute-leikene til barna. Kjell snekra den eine veggen no i helga, er han ikkje flink?
(det er eit lite ope hjørne, for me gjekk tom for material, men det skal tettast att).
.
Både huskestativet og sandkassa er arva frå dei som budde her før oss. Huska er slitt, så den har eg lyst til å male, eg må berre finne ut kva farge fyrst.
Sandkassa har me flytta frå framsida av huset, den stod der som vi har laga utvidelsen av terrassen. Sandkassa har fått eit litt midlertidig lokk, og den skal få fiberduk i botnen, påfyll av ny sand, pluss eit skikkeleg sandkasselokk.
Langsida av den nye boda skal også få ståande panel. Eg vil gjerne at me skal få ei lita dør eller opning som borna kan ta snarvegen inn gjennom. Dessutan blir det klatrevegg på den veggen.

Eg har kjøpt klatregrep på Bauhaus (109,- for 5 stk) som er klare til å monterast på veggen. Vi må berre kjøpe material og spikre det opp fyrst.
Til helga kjem svigers på besøk, og vi har handla masse material som skal dekke den nye terrassen. Det blir spennande å sjå kor mykje vi rekk å gjere.
Så flott det blir. Gleder meg til å følge med ;)
SvarSlettSpennende med ideer til hvordan vi kan gjøre det her ;)
Så koseleg at du likte det! Eg trur det blir fint å ha ein eigen del av hagen der borna kan leike fritt!
SvarSlett