Utfordringa er å skrive 6 POSITIVE ting om seg sjølv, og legge ved eit bilde eg er fornøgd med.
Fyrst så må eg seie at det å skrive så masse skryt om seg sjølv ikkje er lett, eg har ihvertfall brukt litt tid på å finne ut kva eg skal skrive. For det fyrste er ein ikkje vand med å skryte så mykje av seg sjølv til vanleg. For det andre skal dette publiserast på sjølvaste internettet, og ikkje kun lesast av mine næraste. Men her er the results from the propelle-jury:
1. Eg lagar flotte born
Eg er kanskje ikkje heilt åleine om bragdane, men eg er særs stolt av den utmerka ruginga som er mitt spesialområde. For ikkje å snakke om kor skjønne, positive, glade, veltilpassa prakteksemplar små gull det er blitt hittil.
2. Eg er ein supergod kjærast
Spesielt no som det er fotball-vm. Eg gjer mitt beste for å dele interessa hans! Kor ofte sit eg og ser på Italia-Paraguay, lizzom?
3. Eg er ein positiv person å være saman med
Det er ihvertfall det vennene mine seier :D
4. Eg kan ta i eit tak
Eg er vakst opp med haldninga at dersom ingen tek ansvar, så vert ikkje noko gjort, og den prøver eg å halde og vidareføre. Så kan det føre til at eg gapar over litt mykje av og til. På privaten akkurat no er eg avtroppande korledar for småtroll barnekor, pluss at eg er økonomisk ansvarleg i eigarstyret i barnehagen.
5. Eg held det eg lovar
Dersom eg har gjett mitt ord på noko, så kan du stole på det.
6. Eg lagar ein farleg god oreo-kake
Eg er bra på annan matlaging også, men den oreoen har liksom blitt ein spesialitet til litt større selskap.
Og til sist eit bilde. No gjekk eg litt inn i arkivet, og fann eit bilete der me akkurat er blitt seriøse kjærestar, og eg er med han heim til sunnmøre for fyrste gong. Og det er ikkje lenger sidan enn 2005.

No er meininga at eg skal sende utfordringa vidare, men eg er litt usikker på kven eg skal sende den til, så derfor tek eg ein vri!
Kan dei fyrste seks som leser dette ta utfordringa, og skrive det i kommentarfeltet!?!
(veldig spent på om nokon svarar på dette altså!)
Klem, Ellen
Jeg tar utfordringen!! ;)
SvarSlettSier som deg- vanskelig å slenge rundt seg med positive ord om seg selv- but here goes!
1) (Vet det er herming, but who cares...)Jeg har laget en nydelig sønn. Måtte vente lenge før jeg fant meg en bra makker å lage han med, men hvilket flott resultat! :D
2) Jeg vet at jeg gjør en sabla god jobb i jobben min som førskolelærer! Og dette er ikke bare selvskryt, men fakta fra diverse foreldre og barn... <3
3) Jeg er positiv og tidvis i overkant impulsiv (Takk og lov- ellers hadde jeg aldri fulgt han som nå er kjæresten min og pappa til lillemann på et drøyt halvårs eventyr i Madonna- land/Afrika)
4) Jeg er en bra kjæreste også synes jeg: Har ganske mye tålmodighet hva gjelder sport på tv... (Men Ellen, vi har tv på soverommet også, kan ligge noe der...;))
5) Jeg er opptatt av at folk rundt meg skal ha det bra.
6) Jeg kan hvis jeg vil! Alle har vi vel vondt i viljen innimellom. Men blir jeg utfordret, så GJØR jeg det!
Ingen bilder fra meg, men det går vel bra!?
Veldig sporty er du! Superkjekt at du tok utfordringa! Det å være impulsiv er ein flott eigenskap som kler deg bra!
SvarSlett