Prima Ballerina har fylt fem år, og det skal så ingenlunde passere ubemerka!
To selskap er allerede gjennomført. Eitt selskap med familien. Eitt selskap med nokon av våre venner og deira respektive barn. Det gjenstår ein markering i barnehagen, pluss bursdagsfest med barnehagevenninnene her heime (puh - for eit maraton! Til neste år må antall selskap innskrenkast, med tre born blir det jo nesten bursdagsfeiring halve året).
Eg har ihvertfall laga invitasjonar til jentene i barnehagen. Ariel er favoritten, så slik vart resultatet, Ariel-invitasjon:
Bursdagskort med Ariel på, biltet er lånt på det store Internett!Eg er absolutt ingen grafisk designar, men har med hjelp av Paint.NET klart å kombinere bilde og tekst. Eg printar bilda på vanlig 10x15 fotopapir, og printar i tillegg bildet av Ariel på framsiden av konvolutten, for å freshe opp elles ganske blende kvite konvoluttar.
Nokon tips til Ariel-bursdagsgjennomføring?
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar