onsdag 24. august 2011

Bursdagscupcakes

Check! Vellukka bursdagsfeiringar gjennomført!
Her er årets kaker!

Det vart bursdagscupcakes til frøken 5!

Første runde laga eg Magnolia cupcakes etter oppskrift på DetSøteLiv, men var ikkje superfornøgd med sjølve kakene (litt tørre). Og cupcakes er jo strengst takk berre vanlege kaker, berre i munnfullstørrelse, så då vendte eg nasen mot ein sikker vinnar av kakeslaga, nemleg Kristine sin supersaftige sjokoladekake.

Det viktige på desse kakene er jo uansett pynten!

Vanilla buttercream til å pynte med
200 g smør eller margarin
1 dl mjølk
1 ss vaniljesukker
ca to pakkar melis

Pisk smør, vaniljesukker og omlag halvparten av melisen. Rør inn litt og litt av resten av melisen, til det blir ein ganske fast røre. Konsistensen skal være så fast at den held seg i mønsteret, men ikkje flyter utover. Det er lurt å ta prøvar undervegs.

Prikken over i-en er å kjøpe skikkelege sprøytesaker til å lage fine mønster med. Eg har Cacas sitt utstyr kjøpt på Jernia, saman med litt rosa Cacas konditorfarge, og nokon spiselege hjertestrøsselpynt.

Jentene kosa seg masse på mandag. Det var gåvedryss av enorme dimensjonar, dei sat som små engleborn ved bordet og åt pizzabollar, is, kaker og popcorn, me hadde flasketuten peikar på og fisking av godteposar. Og solskinn!

I dag har me vore på dagstur til Tjøme, og eg har bada ved Verdens Ende. Heilt folketomt var det i dag, i motsetning til folkehavet som var der i sommar. Pluss at eg har fått meg ein kveldsjoggetur. Livet er godt for tida!

Klem, Ellen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar