mandag 15. august 2011

Klatreveggen i hagen er endeleg ferdig


Den observante lesar av propelle-bloggen hugsar kanskje at eg nemnde nokre planar i fjor om å lage klatrevegg.

Well, guess what! Den er faktisk ferdig!

Klatrevegg! Ferdig!

I løpet av sommaren har min driftige svigerfar og min kjære husbond funnet tid til å snekre, skru og male.

Eg kjøpte to posar a 5 klatregrep på Bauhaus i fjor, dei kosta omlag 200 kr pakken. Det fulgte med skruer.

I år har me kjøpt to forskalingsplater på omlag 1,5x0,75 meter, og skrudd klatregrepa fast på platene i mønster fritt etter eigen fantasi. Den eine plata er montert ståande, og den andre ligger oppå. Platene er også frå Bauhaus, og kosta omlag 200 kr stk.

Eg kjem aldri til å bli nokon interiørbloggar med så lang ledetid på prosjekta, men dette er eg veldig fornøgd med. Prima ballerina er ei skikkeleg klatrejente, og denne veggen er litt vanskeleg, så det er bra for henne å bryne seg.

Ha ein oppklatrande ettermiddag!

Klem, Ellen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar