onsdag 24. august 2011

Kvardagen treffer med eit smell


På tide med middagslister igjen, tenker eg.
På tide med morgonrutiner og leggetider.

Min flinke illustratør dokumenterar kaoset i heimen. Eller var det ein fisk?

I dag hadde me vår fyrste dag med ordentleg kvardagsliv. Feriekjensla har hengt i lenge. Barnehagen byrja forrige veke, men den veka gjekk så fort at me nesten ikkje la merke til den. No er det to dagar att av denne veka, og me har byrja å legge merke til dagane som flyg.

Neste veker byrjar Prima Ballerina på ny fritidsaktivitet. Ho elskar å turne og løpe rundt i turndrakt her heime, og no blir det organisert aktivitet på mandagar. Eg er veldig spent på korleis det skal bli, og me gledar oss, både ho og eg.

I dag kjende eg kor middagslistene er sakna. Det er ein fordel å være ferdig med å spise middag, før kveldsmat blir servert. Det er ingen tid til tvil om kva som er på menyen, i dette tidsperioden som skal romme heile kvardagslivet, i perioden mellom barnehagehenting og leggetid.

Korleis går det med kvardagslivet ditt?

Klem, Ellen







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar