torsdag 15. desember 2011

Heimelaga sunn marsipan

Eg blir så super søtsugen på kvelden, ein veldig dårleg kombinasjon med slankekuren min (som forørig går sakte men sikkert, eg er no nede i -15 kilo, og tilbake på det nivået før eg vart overraskelsesgravid med vesle prinsesse. Berre 8 kilo igjen, dei som eg har spart frå svangerskapet med mr 2.5).


Ihverfall, her er oppskrift på sunn og sukkerfri marsipan.


2 eggekvitar

90 g mandelmel (eg brukar det som er fettredusert frå funksjonellmat.no, men skolda og malte mandler vil nok fungere heilt fint)

80 g søtning (eg brukte ca 50 g sukrinmelis og 30 g splenda, men du kan bruke kun sukrinmelis)


Kna alt saman, del i 12 bitar, og sett kjølig i 15 min.


Dette er ein oppskrift kun til vaksne. Eg gjev ikkje sukkererstatning til barna, for eg er ikkje sikker på kor bra det er for dei små kroppane. Om du skal lage til barna, så bruk sukker istadenfor søtning.


Du kan smelte sjokolade til å rulle kulene i, då minner dei kanskje litt meir om dei deilige små marsipangrisane som henger rundt i butikkane for tida!


Klem, Ellen


Published with Blogger-droid v2.0.1

2 kommentarer:

  1. Mårnings! Jeg har en tendens til å bare kutte sukker fullstendig i lange perioder, syns det er lettere enn å moderere meg ;) så denne oppskrifta var midt i blinken for når jeg setter i gang igjen. -15 er skikkelig imponerende kudos til deg! Stor klem

    SvarSlett
  2. Det er veldig imponerande at du klarar å kutte heilt ut sukker! Det er faderullanmeg sukker i utruleg mange matvarer. Eg har vore veldig streng på det i det siste, berre unna meg snop på laurdagar, og merkar godt kor vanskeleg det er å kutte det ut. Har blitt veldig glad i kunstig søtning, det er mykje forskjelligt der ute, som fungerar godt som substitutt. Både sukrin, splenda og stevia er i skapet mitt.

    SvarSlett