fredag 23. desember 2011

Riktig god jul og godt nytt år!



Me går over i feriemodus her i propell-heimen! Treet er ferdigpynta (dei siste julegåvene og store mengder gåvepapir ligg ut over spisebordet og ventar på litt pakkeinspirajon) freden senkar seg så langt ned som den kan senke seg i ein heim så full av born.


Julaften-planane innebærer kyrkjebesøk saman med Mimmi og Oldemor. Nissen er bestilt, det er kjekt med gode naboar som stiller opp som nisse, og så får dei ein nisse tilbake. Tante kjem også på besøk, og julemiddagen blir servert i firetiden, med juletregong og pakkeopning etterpå!


Eg vil ynskje dykk alle saman ei riktig god jul og eit godt nytt år! Eg vonar de får ei fredeleg julefeiring, og at 2012 blir eit knakande kanonbra år!


Kva er ditt ynskjer for året som kjem?


Beste helsing frå Ellen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar