
Stundom er det mykje administrasjon med familiebarnehagen, men dei skikka seg rett så bra i dag, så mor kunne kose seg på nettverkstreff utan dårleg samvit. Me har generelt lite barnevakt (burde eigentleg hatt litt meir, hihi).
Computas på Lysaker var vert for dagens møte, og det var bra oppmøte, minst 150 smarte IKT-damer. Trond Eilertsen, direktør i Computas, ønska velkommen, fortalde litt om det dei driv med, og gjorde ein fin jobb med å fortelle om kor attraktiv Computas er som arbeidsgivar.
Dagens tema var Tankens kraft. Lene Fjellheim holdt eit supert foredrag om korleis ein brukar kroppsspråk og tankar for å styre motivasjon. Ho starta med ein sterk historie frå ein fengsla mann, som demonstrasjon på kva tankens kraft kan bety. Ho fortalte mange historiar, og fekk oss til å reflektere over kven som skal spille hovedrolla i livet ditt, og korleis me bør tenke for å kunne være slik som me gjerne vil bli omtalt ved eit jubileum eller som avskjedstale.
Ho fortalte ein fin historie om "hit, men ikkje lenger"-treet, der ein kan henge frå seg bekymringar, og så forsvinn dei fleste av seg sjølv. Eg ønskar meg eit slikt tre, kan eg bruke Yucca-palmen i stova? Ho fortalte også om "sure dagar", bedriften der ein kunne ringe inn og bli heime dersom du var sur. Les meir om historiane på karrierelink.no.
Eg likar godt denne type inspirasjonsforedag. Eg skulle ønske eg hadde eit lite foredrag på boks, som eg kan berre opne opp og lytte litt til på dagar der ein helst vil dra dyna over hovudet!
Etter foredraget var det nettverking med juletapas, levande musikk og julenisse med sjokoladepose. Eg fekk prata med både nye og kjende jenter, veldig koseleg!
Kva gjev deg inspirasjon?
Klem, Ellen
Helt erlig Ellen, så gir DU meg inspirasjon og ikke minst motivasjon! God klem til deg! Racerbilen:)
SvarSlettÆrlig heter det....
SvarSlettSå koselig! Deilig å komme seg ut litt og få litt påfyll. Jeg liker å lese pop psych bøker (Freakonomics, Yes!, den type ting) for å vise meg selv at verden ikke er helt som den synes noen ganger.
SvarSlett@snuppelupp - god klem til deg og! Racerbil :)
SvarSlett@Klissi - det er superduperdeileg å få litt påfyll, spesielt når eg er slik cupcakemamma for tiden. Litt vanskeleg å forklare på kort tid korleis det har seg med jobb og barn og greier og greier, sidan opningsspørsmålet på slike tilstelningar er "kvar er du frå", og innledar alltid vidare samanligningar av min jobb og din jobb. Men det er jo derfor me er der :)
Vil du anbefale Freakonomics vidare?
Jeg blir ganske inspirert av blågger for tida og har til og med tatt meg sjøl i å tenke interiørtanker. Ærlig speaking har jeg aldri vært så inspirert og kreativ som nå, så jeg vil si to ting er veldig inspirerende: Jo mer man har å gjøre, jo mer får man gjort. Og den deilige datra mi gir meg haugevis av energi, inspirasjon og glede.
SvarSlett@Bøllemamma - du er jo superkreativ! Eg er så imponert over skapningane som du syr, spesielt Mikkel Rev med den fine historien til. Så koseleg å høyre at du nemner dottera di som inspirasjonskjelde!
SvarSlett