Desember = julepynt!

Vår vakre Georg Jensen adventsstake
No er dette så absolutt ingen interiørblogg, men litt julepynt høyrer vel heime i desse tider. Eg burde sjølvsagt fått opp julegardinene før forrige helg, når middagsklubbdamene var her og hadde juleverkstad. De får heller komme tilbake for litt meir julestemning no, snupper!
Denne veka har vore litt meir heimetid, ein ung mann med feber, og ei storesøster som insisterar på "eg vil ikkje i barnehagen når ingen i familien min er der". Då er det fint å aktivisere heile gjengen med gardiner og nissar.
Julegardinene er kjøpt på salg på Kid i januar, og har aldri vore hengt opp før. Eg likar at jula er litt maksimalistisk, det skal være raudt og gull. Kvit julepynt og eit par kongler er ikkje noko for meg. Eg er litt usikker på om det vart mykje av det gode med raude gardiner. Husbonden kom ihvertfall med eit kompliment: "det minner om eit marokkansk spåkonetelt".
Vår julekalendar er av det enkle slaget. 24 hjerter i vindauget. Eitt hjerte mindre for kvar dag, det er nedtellinga til jul. Ingen pakkekalendar. Eg er drit lei av alt kjøpehysteri og billige kinesiske plastleiker. Heller ingen aktivitetsliste, men me gjer hyggelege ting saman kvar dag allikevel. I dag har me leika med lego i over ein time, og lest tre bøker før leggetid. I morgon er det turnoppvisning for Prima Ballerina.
Kva synes du om julegardinene? Marrokansk spåkone eller? Kan eg by på ein spådom?
Klem, Ellen

Det skal være full rulle jul. Ikke noe marokkansk syns jeg, bare jul, men så er jeg som kjent ingen gardinekspert. Advent og jul skal være mest mulig kos og hygge og minst mulig styr, og det høres det ut som at dere får til :)
SvarSlettSynes de var fantastiske jeg Ellen, så skikkelig koselig, og heia heia for adventskalenderen!! Men om du vurderer å bli spåkone, så vil jeg gjerne at du ser inn i min framtid;) Klem Monica <3
SvarSlett@Bøllemamma - det var hyggeleg sagt! Mest mogeleg kos og hygge, så absolutt einig. Vonar du og har ein fin Innspurt mot jul!
SvarSlett@Monica - så kjekt med kommentar frå deg, veldig hyggeleg sagt! Eg ser mykje fint i din framtid, men det kan me jo diskutere på julebordet! Klem!
SvarSlettRe. smør, jeg tilbragte en god del tid i fjoset da jeg var liten og det fremdeles fantes kyr på Jæren, men vokste ikke opp der, min mor sa fra seg den gården til broren!
SvarSlettDet spørsmålet jeg står igjen med oppi det hele er: Hvordan vet mannen din hvordan det ser ut inni et marokkansk telt av ovennevnte type..?
..og, apropos jul, hur i helsike skal man bake uten smør?!?!!
SvarSlett@Klissi - så absolutt eit heilt legitimt spørsmål, som eg slett ikkje veit svaret på, men vil tippe kjem frå ein bond-film eller annan visuell påverknad.
SvarSlettForøvrig to spørsmål frå deg i dag, eg ventar vel eigentleg at du kjem med nok ein oppfinnsam løysing (som ein pakke margarin med to ss mjølk, evt vatn, i mikro i fireogeitthalvt minutt..)
Heia nynorsk! Jeg elsker Det Norske Teater. <3 Men musikalen var litt floppete. Så rødt & nice det var hos deg *smil* Har ikke pynta så mye enda, jeg.. Uff. Men har stake! *yay* Er det smør hos dere?
SvarSlett@Karianne - her er det ikkje smør, men no leste eg i dag at det blir det opna opp for meir mjølkeproduksjon, så no må dei stakkars kyrene berre jobbe hardt. Eg likar at du likar nynorsk! Satsar på ein betre musikal neste gong.
SvarSlettJeg er veldig for rød jul!Klarer heller ikke å få julestemning av lilla, hvitt og en tørr kvist med kongler på. Hele poenget er jo at det skal være arvet og nostalgisk, ltt sånn som mamma gjorde det! Hyggelig at du var på besøk hos meg, forresten!
SvarSlett@Barbarella - berre hyggeleg, takk for besøk tilbake. Eg leste tittelen på bloggen din, kunsten å smøre segtynt, og tenkte at her må eg inn og sjå. Trur absolutt eg blir følgar! Og raudt høyrer liksom til jula, det blir ikkje jul uten!
SvarSlett