tirsdag 6. desember 2011

Bærum kommune straffer barnehager som oppfyller pedagogkrav

Barnehagebestyrelsen er no i eit nytt kapittel. Jammen godt at eg har fått hengt opp julegardinene allerede. Bærum kommune sørgar for at eg brukar tida mi til barnehagebegrublingar istadenfor julegåveshopping.

Sidan sist kommunalt tilskot til private barnehagar der PBL viste kor finurleg kommunane underrapporterar utgifter for å kutte i barnehagebudsjetta, har Bærum kommune vedtatt å kutte meir i barnehagebudsjetta. Det har seg nemleg slik at Bærum kommune ikkje klarer å oppfylle statens krav til pedagogisk personell i barnehagane (no er ikkje det noko rart, for det er manko på førskulelærarar).

Bærum kommune har dermed ein pott på ubrukte lønnsmidler. Dette er ekstra pengar som skulle gått til å lønne dei pedagogane som er lovpålagt, men som ikkje blir brukt opp fordi pedagogane er erstatta med rimelegare assistentar. Sidan kommunebudsjettet går omlag 150 millionar i minus, så kuttar dei 10 millionar frå barnehagane.

Alle dei private barnehagane i kommunen er direkte avhengige av tilskot frå kommunen, og får i tilskot 91% av det kommunen brukar på sine barnehagar. Tilskotet er sjølvsagt heilt uavhengig av om barnehagen oppfyller pedagognormen eller ikkje. Dermed får dei private barnehagane også mindre til sine ansatte, og blir økonomisk straffa for å ha dyrare personale.

Les meir om saka på nrk: Kan bli tvunget til oppsigelser

Korleis er det i din kommune? Og har du sett eit kommunebudsjett?

Klem, Ellen

2 kommentarer:

  1. Jeg er stadig overrasket over at ingen har noe å si om dette.. Kanskje de ikke har satt seg inn i kommunebudsjettet og derfor bøyer sine hoder i skam. Her i Stvg. var det forslag om å øke antall barn i yngste avd., men det ble takk og pris skrinlagt før det ble tilfelle.. Var i den åpne barnehagen i går pga. holke, og alle konversasjonene dreier seg om jakten på "ekte" barnehage. Vi krysser fingre for neste år.

    SvarSlett
  2. @Klissi - eg kryssar fingre for deg! Har du søkt, eller?
    Eg trur det er lite blest om dette, for det er kompliserte regnestykker både på kommunefronten og på barnehagebudsjettfronten, og ein må også ha stålkontroll på eigen økonomi, og det er ikkje så lett alltid. Det er heller ikkje noko felles stemme for alle barnehagane, og det er vanskeleg å komme til ordet. Men det er eit aldri så lite foreldreopprør i vente i området her.

    SvarSlett