Dette har vore ryddehelga.
Me har fått pakka ned all pynt frå juletreet, alle nissar og anna dilldall, alle dei raude putene, og juledukane er vaska og tørka (ikkje bretta, den jobben er det kjedelegaste som finnest, så det utsetter eg gjerne så lenge som mogeleg, helst til neste jul..)
OG no er madrassen skoren til på vogga (Anna og eg gjorde eit skippertak på fredag medan Kjell var på jobben), og vareopptellinga over babyutstyr og tøy og ting og tank er i full sving.
Transformasjonen har byrja! Snart klart til baby no!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar