tirsdag 20. januar 2009

Bisfenol A i tåteflasker

Eg fann att denne artikkelen.
Det står der om plasttypen polykarbonat, som inneheld stoffet Bisfenol A. Dette stoffet kan ha hormonforstyrrande og reproduksjonsskadelege effektar. Og så puttar dei det i tåteflasker til born -> er det mogeleg?

Skremmande.

Den norske organisasjonen Grønn Hverdag bad dåværande miljøvernminister Helen Bjørnøy i 2006 om å forby bruk av bisfenol A. Det skjedde like mykje med den saken som med alle dei andre i bunkar på hennar bord - ingenting.



Eg leste dette for ei tid tilbake, og sidan alle tåteflaskene til Anna var av type Avent, så raida eg skåpet og heiv alle saman. No er problemstillinga snart tilbake, og eg treng å vite kven som er sikre:

Liste over trygge tåteflasker:
  • Tupperware (plast)
  • NUK (plast och glas)
  • Baby Nova (plast och glas)
  • Bambino Mam, "Ultivent" och "Drink Easy" (plast)
  • Nuby (plast)
  • Medela (plast)
  • Klean Kanteen (rostfritt stål)
  • Evenflo (glas)
  • Born Free (glas och plast)

Link til oversikt


Desse er derimot STYR UNNA:
  • Esska
  • Bambino Bambino Mam
  • Avent Philips
  • Rock star baby Nova Care
  • Baby Nova Nova Care

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar