fredag 23. januar 2009

vakker ventetid

Eg drøymde i natt at eg skreiv eit vakkert innlegg om vakker ventetid.

Eg jobbar hardt med å være ein klippe av ro og så vidare.
Når eg no skal skrive det ned, så merkar eg at orda er borte.

I mitt gjennomplanlagte liv er dette heilt uhøyrd, å gå slik på ubestemt tid.

Det er sikkert at eg kjem til å sakne kjensla av å bære på eit nytt liv.
Men for kvart minutt som går, føler eg meg meir og meir klar for å møte dette nye livet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar