tirsdag 20. januar 2009

Kan akupunktur sette i gong fødsel..?

Eg har ikkje rabla.. enno...
Men terminen var i går. Så det må være lov å være litt utålmodig.

Ei jente i Januarklubben la ut denne linken om akupunktur:
http://www.innerfire.org/mt/archives/2004/10/can_acupuncture.html

Eg suger sjølvsagt til meg alt som står der. Mellom anna "All of the women I have seen use acupuncture induction gave birth within 48 hours". For godt til å være sant.

Eg fekk modningsakupunktur i svangerskapet med Anna, og ho kom jo ikkje akkurat presis.. 10 dagar over tida, og slett ikkje frivilleg.

Men eg har fått akupunktur hjå fysioterapeuten min i dette svangerskapet også, tre behandlingar har eg vore på. Berre synd ho reiste på ferie i romjula. Eg fekk ein ekstra god dose nåler dagen før ho reiste. No skal ho komme tilbake på jobb i dag, så eg øynar eit lite håp om fødsel innan nær framtid, dersom ho kan desse fantastiske teknikkane som setter i gong fødsel medan eg ligg der med nåler i hender og føter.

Det er vel hittil ingen som har gått evig gravide. Men eg tek ikkje sjansen på å verte den fyrste.. ;o)

2 kommentarer:

  1. HAHAHA....ja det er jo mange teorier om hvordan en fødsel kan settes i gang. Men som du sier....unger kommer ut når de føler for det.

    Jeg prøver å mentalt overtale denne ungene til å komme ut før tida, og med masse rier....ikke tidlig vannavgang for å så bli satt igang.

    Jeg sender deg gode vibber om en fantastisk enkel fødsel som snart er i gang. En der du hopper opp av glede rett etterpå.

    Klem,Carro

    SvarSlett
  2. Så søt du er!
    Tusen takk for alle vibbar ;o)

    SvarSlett