lørdag 10. januar 2009

Kor stor kan ein mage bli?



AMag og eg var hjå Lise på middag i går. Opp på veggen var det komne nydelege bilete av Lise + mannen, vakre mennesker pent pynta på fotografbesøk. "Det er ei veke før termin" seier Lise, og henviser til den lille kulen på magen.
Det er forskjell på folk. Ein slik kul hadde vel eg for eit par månader sidan, tenker eg.. Her er det ikkje snerten kul-prisen eg vinner, meir "kor stor kan ein mage bli"-prisen. Så når eg kom heim fekk eg Kjell til å forevige min ei veke før termin-kul (strengt tatt er det halvannan veke att. Til termin. Og sidan Anna kom ti dagar etter den forgjetta datoen, og eigentleg ikkje ville ut i det heile tatt skal eg vere glad om babyen viser sef før februar)

1 kommentar:

  1. Wow - imponerende unge dame. Du slår alle mine tre mager langt ned i sokkeholderne, hehe. Lykke til - håper alt ellers står bra til! Klem fra Monique

    SvarSlett