På tv2-nyheitene i kveld såg eg historia om åleinemora frå Stavanger, som fekk firlingar. No har ho fått bygd om huset sitt, og fekk flytte inn der med alle gulla sine.For ei tøff dame, tenker eg berre. Ho verka så blid og positiv, og jentene var heilt stille og søte prinsesser. Dama har jobba åtte år i barnehage, og det tenker eg kjem godt med.
Men tenk å få fire born på ein gong. Tenk å ha åtte bein og åtte armar som veivar rundt inne i magen. Det må være eit kaos av navlestrengar og kroppsdeler, og spark i alle retningar. Det må føles heilt sjukt å føde, og få born etter born etter born etter born opp på brystet.
Og nyskjerrig som eg er, så kan eg ikkje late være å undre: kvar er pappaen til desse borna? Dei er unnfanga naturleg. Stakk han av med halen mellom beina når han såg ultralydbileta?
Biletet er henta frå http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article2574847.ece
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar