mandag 22. juni 2009

Barseltrilletur til Storøyodden på fornebu


Etter å ha trilla oss innover fjorden, frå fyrst Kalvøya og sidan Høvikodden, var i dag barselgruppa på trilletur til Storøyodden strand på Fornebu.

Me parkerte ved Odontonata i gamle flytårnet, og trilla på strøkne vegar ned langs vatnspeil, gjennom nansenparken og heilt ned til stranden. Været i dag var heilt knall, det var sol, og ikkje så mange skyar. I sola var det veldig varmt, men det var litt vind, spesielt nede ved stranden. Deileg for mammaene, men viktig å kle på desse babyane så dei ikkje vert sjuke.

Heile området med parken og stranda er heilt nytt, og veldig flott. Det er kjempefine sykkelstiar der, og eg trur absolutt me må tilbake så Anna kan sykle på 3-hjulssykkelen sin. Det er kun handicapparkeringsplassar nede ved kiosken, så det egnar seg best til sykkel eller å pakke alt så ein kan bære det, eg trur det er maks ein kilometer å gå, men langt nok om du er tungt lasta med strandsaker.

Budstikka
Opning av nansenparken

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar