
Det er sommarfest i barnehagen i morgon, og eg er på jakt etter litt variasjon frå sjokoladekakeverdensherredømmet.
Desse små et opp rubb og stubb av kaker allikevel, så det er heilt supert å teste nye oppskrifter på dei. Gulrot kan dei ikkje få for mykje av ihvertfall.
Trond Moi sin gulrotkake (henta frå detsøteliv)
6 egg
6 dl sukker
3 dl matolje (eg brukte soya)
3 ts vaniljesukker
3 ts bakepulver
3 ts natron
3 ts kanel
6 dl kveitemjøl
6 dl gulrot (eg brukte ein kilo)
Glasur
200 gram kremost (Philadelphia er supert)
1 vaniljestang
500 g melis
Eg tenker på pynte den med litt mindre glasur, og ein heil del smågodt frå sverigeturen. Gjer unna pyntinga i morgon, så Anna får delta.
170 grader i 40 minutt
Eg syntes denne kaka var god, men det var litt mykje olje i den for min smak. Det kan hende soyaolje burde vore bytta ut med oliven eller raps. Dessuten vart den veldig smuldrete, og det var vanskeleg å skjære pene stykker av den.
SvarSlettGlasuroppskriften var stor nok når eg hadde masse pynt på, men om eg skulle droppa smågodtet så ville eg dobla glasuren.