onsdag 17. juni 2009

Tvinger born til samvær med voldelege foreldre

Aftenposten skriver i dag om born som i barnefordelingssaker vert tvungen til å ha samvær med foreldre som er valdelege. Det vart bestemt i 2004 at born over 7 år fekk rett til å uttale seg, men framleis er det slik at kun 3 av 4 born vert spurt om kvar dei vil bu, og dei vert ikkje spurt om samvær.

Eg vert så lei meg når eg leser slikt, for gjennom media så høyrer du om alle desse tragiske barneskjebnane, og eg greier ikkje forestille meg kor tøft det må vere for alle desse borna. 

Mitt inntrykk er at samfunnet strekker veldig langt foreldre sitt behov for å vere foreldre, og ønske om å vere saman med bornet, og at bornet sitt beste diverre kan komme i andre rekke.

Eg drømmer om ei verd der det beste for borna blir prioritert og fulgt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar