søndag 7. juni 2009

Harrytur til nye nordby-senter

Me pakka begge ungane i bilen i går, og bestemte oss etter halvanna minutt velovervegd analyse av dei ulike mogelege destinasjonane (charlottenberg=stort thon-senter, tøcksfors=stort thon-senter, strømstad=stort nyopna senter) at turen skulle gå søraustover. 

Heilt gjennom festningstunnelen er det stille i baksetet, og harmonien er einerådande, me er på ein hyggeleg biltur. Så byrjar frk trassalder å vri seg i setet, og mumle noko om juice og is. Ho held det på eit nokonlunde anstendig nivå fram til vestby, men då brakar det laus. Med eit brak gaulast det ut at om ho ikkje får is no så er det på nivå med barnemishandling, og ho skal ihvertfall ikkje køyre noko meir bil.

Lydnivået river minien ved sidan av brutalt ut av draumeland, og han er ikkje hard å be, sympati-gaulingen sit laust. Kven skulle tru at ein kunne bryte lydmuren med bil?

Ein krisepause på bensinstasjonen ved vegen med henhaldsvis is og pupp gjev såpass med motivasjon at me velger å fortsette prosjektet, det er trass alt kortare tid att til grensa, enn det er heim. Og til grensa greier me oss, men i det me kryssar over til vårt kjære naboland, så er det som å skru på ein brytar. Tostemt duett i snørr og tårer i baksetet. Dei tre kilometrane fram til målet fortonar seg som tre mil. Mor får gnagsår i øyrene, og ingen sang hjelper.

Framme på senteret går det heilt supert, Magnus kosar seg i bæresjal, og Anna får sitte oppå den stoore sjiraffen. Senteret er heilt standard, eg shoppar litt medan Anna og pappaen leikar, og så møtes me til lunch. Det viser seg at det ikkje er pol der (dårleg research), og me lyt inn til Strømstad. 

Så me køyrer. Og det var vel ikkje i våre tankar at den samme dagen som me skulle på harrytur, så skulle Sverige feire nasjonaldag. Så me kjem fram til polet, og der er gitteret nede. Spesielt sidan me spurte på nordbysenteret om kvar polet var, så blir me litt snurte, men dei hadde vel gløymd heile nasjonaldagen dei svenskane som jobba der også. Anna somnar i bilen, det er ca 20 km, og ho sover seg gjennom vår oppdagelse av at turen er forgjeves, og greier akkurat å våkne i det me snur bilen for å køyre tilbake for å kjøpe kjøt. Ho prøver seg på ein ny hylerunde, men då stappar eg munnen hennar så full av sjokolade at ho ikkje har spist opp før me er tilbake på nordbysenteret (godteriland var nemleg ope).

Magnus opp i bæresjal, så har eg kontroll på han og handlekorga, og racer rundt og plukkar kyllingfilet, karbonadedeig og fullkornspasta (svenskane er best på fullkornspasta). TurboAnna er høg på sjokolade, og spring gjennom butikken frå ende til ende til ende med pappaen på slep. 

Middagen er McDonalds og så startar me på turen heim. Hylinga frå tidlegare er ingenting samanligna med no, og det er ikkje måte på kor pyton det er å køyre bil.

Me prøver med meir smurfedrops. Ikkje å anbefale, for alt er galt. Ho mistar dei i setet, får ikkje tak i dei, berre ein liten smurf er med på å trigge krisa. Me forteller historiar om den vesle prinsessa som er på lang til biltur, og så er det den vesle trollejenta som er på biltur, og så er det dei tre bukkene bruse som er på biltur. Eg rekk ikkje trekke pusten før sutringa startar. Eg sitter baki med dei, Magnus greier på eitt punkt å sove eit kvarter, men frøken trass greier heilt utmerka å vekke han ved å dra han i storeståa så han hylar. 

Eg bikkar over frå rasjonell "no skal eg prøve å trøyste og få dykk til å ta det roleg-barn", til "sjå om eg greier å tøyse så de ler istadenfor å gråte". Det går til eit visst nivå, men det er ganske hysterisk stemning inne i vår passat den siste halvtimen, og nåde meg om eg trekker pusten, då kjem sirena umiddelbart. 

Eg må berre oppsummere for meg sjølv; aldri meir harrysvipptur. Dette hylekoret skal eg ikkje frivillig opne for ein gong til. Og korleis i alle dagar skal turen om ein månad til vestlandet gå? Eg er litt demotivert med tanke på ein soft start på ferien, spesielt sidan eg skal køyre åleine med dei. Blæh!

2 kommentarer:

  1. Litt av en tur! jeg har hatt noen sånne harryturer med unger, og aldri mer. på den verste klarte jeg å miste en skinkeboks i hodet på minstemann, noe som resulterte i en kul som keopspyramiden i panna. Tro meg, dårlig kombinasjon med intens remjing...

    SvarSlett
  2. Uff då, slike donaldkular er ikkje morosame. Det er typisk å få ein kul midt i panna dagen før det er fotografering i barnehagen.

    Men i framtida gjer eg unna harryhandel på sandvika storsenter, mykje kortare veg heim :)

    SvarSlett