mandag 8. juni 2009

Tare bur i Havlandet

Sunnmøringar kan dette med sparing.

Sparebanken Møre har utvikla eit konsept som eg synes er veldig bra og gjennomført. Det er havhesten Tare som bur i Havlandet. Tare finnes som Tarebøsse, til å putte pengar på, men dukkar også som lue, refleksvest, tannbørste, bursdagsinvitasjonskort etc.

Tare har sjølvsagt ein eigen heimeside, og den finnes her

Begge våre gull har eigne Tarekontoar med påfølgande effektar, og Anna er veldig opptatt av å putte pengar på bøssa si. Ein morgon medan eg sat i sofaen og gav Magnus mat, så kjem ho med bøssa si, og ristar på den. Eg seier til henne at ho får gå og høyre med faren, for han har masse pengar. Ho snur og spring avgårde, men snur seg når ho kjem til peisen, ser rett på meg og seier "Mamma har OGSÅ masse penga"! 

Etter ho var levert i barnehagen fann eg desse to fyrane, sittande side ved side på tripptrappstolen. Veldig søte.

(det høyrer med til historien at då Kjell var liten hadde han også Tarebøsse. Fleire gonger som tanta hans sat barnevakt, og fekk beilar-besøk, så stod han lille luringen opp frå senga si, kom ut på stova med bøssa, og oppfordra til donasjonar. Dei kjekke gutane ville nok gjerne imponere barnevakten, så dei bladde opp.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar