
NRK skriv i dag om at gravide kjøper private helsetjenestar, for det offentlege tilbodet er for dårleg.
I Noreg i dag får ei gravid kvinne tilbod om fem kontrollar, derav ein ultralyd, i løpet av eit heilt svangerskap. Den fyrste kontrollen skal normalt ikkje gjennomførast før etter tre månedar av svangerskapet.
For meg så verkar ikkje dette systemet å fungere i praksis. I begge mine svangerskap har me vore til ekstra ultralyd. Det er rett og slett så mange spørsmål og bekymringar som dukkar opp, at ein treng å snakke med nokon fagpersonar. Internett gjev fullstendig infomasjonsoversvømming, spesielt med tanke på all informasjonen om ting som kan gå gale, ein stakkars hormonella kan jo verte smånærvøs av mindre.
Med Anna gjekk me til 3D ultralyd på Majorstuaklinikken i etterkant av den ordinære ultralyden, me ville få ein sjekk til, og vite at alt stod bra til der inne. Med Magnus så var me på tidleg ultralyd i veke 11 på Balder-klinikken, også berre for å sjå at alt stod bra til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar