Eg fann ein fin artikkel som oppsummerar hovudprinsippa for innføring av fast føde.
Magnus er no 6,5 mnd, og han spiser to grautmåltid, morgon og kveld, og eitt fruktmåltid til lunch. Me starta med Hipp sin risgraut når han var fem månedar, og no er det Nestle sin havregraut me serverar. Me har ikkje byrja med middag enno, men det er rett rundt hjørnet.
Dette er mat som er anbefalt å byrje med:
Avocado
Kokt brokkoli
Kokt gulrot
Potet
Banan
Kokt eple
Godt modnet pære
Det står og kvifor ein bør innføre matvarer separat. Dersom ein er vand med å ete ein mos, så venner ein seg ikkje til dei ulike smakane. Det tek tid å venne seg til ulike smakar, og det kan ta opptil 12-15 forsøk før ein ingrediens vert akseptert (det siste er også greit å merke seg til dei blir litt større, og plutseleg ikkje likar det som var favoritten i går)
Hehe, Kristian spiser ALT han kan få i munnen som er spiselig han. Veldig deilig igrunnen:)
SvarSlettSå bra :) Me har ikkje gjett Magnus så mykje forskjellig enno, me tek det litt gradvis. Men han et gjerne på alt han kjem bort i, også ting som ikkje er spiselege. Som handlelista når me er i butikken for eksempel :)
SvarSlett