Eg må jo innrømme at det har vore litt lite blogging i det siste, men det har vore så mykje anna planlegging å drive på med. No er det jo snart den store festen vår, og i tillegg så skal min kjære forlovar Lise gifte seg snart, så no har me jo måtte drikke ut henne!
På laurdag 22. august tok eg toget tidleg på morgongen, Ane møtte meg på stasjonen, og me køyrde for å hente Lisemor. Ho var jo typisk nok ikkje heime, men ein kjapp telefon til Håvard klargjorde at dei var på Plantasjen, så då måtte me hente henne der istadenfor. Eg tør å påstå at ho vart ganske overraska, sjølv om det ikkje var så mange aktuelle helger å velge mellom, og eg veit ho var veldig spent på når det skulle skje.
Ho fekk pakke med seg ein sekk med skift og ein lang, rosa gallakjole. Så køyrde me til Nydalen der me møtte resten av gjengen, drakk litt sjampanje og gjekk for å danse. Me fekk ein privattime i Therese Cleve (Skal vi danse) sitt studio, der me hadde ein danseworkout med samba, chacha og jive. Eg tør påstå at det var god trening, og veldig kult! Link: dndbycleve.
Neste punkt på programmet var litt shopping på storosenteret, før me alle samla gruppa på Waldemar Tranes plass, og opna gåver. Eg er imponert over dei utruleg kreative gåvene, det var mellom anna solbriller, kaffe, øyreproppar og badeand. Lise klarte å gjette tja.. ca halvparten, og måtte fylle på med litt kvitvin for alle ho gjetta feil, samt at me skåla for alle ho gjetta riktig ;o)
Så gjekk me ned til fotograf Andreas Erikson, link: erikzon.net, der me tok gruppebilde. Lise var det naturlege midtpunkt i sin fine kjole, og alle me andre var synkront kledd i kvite toppar.
Siste punkt på programmet var thaimat på Yayas, ein sikker vinnar, me hadde fellesmeny med forrettane tom kha gang, pad pak og chicken satay, og hovedrettar paneng gai, goong pad og moobaikaprao, heilt i Lise-style.
Så takk til alle supre jenter som var med, eg vonar de kosa dykk, og mest takk til den supersporty hovedpersonen!!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar