tirsdag 11. august 2009

Mei-tai bæring

Eg har brukt å bære Magnus i elastisk sjal sidan han vart født, men det har vore så varmt i sommar at me har pakka det bort. Han er no stor nok for både Patapum og Mei-Tai, og eg har eigentleg foretrukket Patapum, for den har vore så lettvint å ta på seg.


Patapum er som ein ryggsekk, du puttar babyen oppi, og bærer inntil kroppen din. Den kan brukast både på mage og rygg, og er ganske lik andre formsydde bæreselar, som ergo, beco og yamo. (bilde frå bubani.com)


Mei tai består av eit panel som dekker babyen, korte snorer til å knytte rundt livet, og lange snorer til å vikle baby og seg sjølv heilt inn i. (bilete: bare-prat.blogspot.com)

Men så fann eg ut i går at eg skulle finne fram att mei-taien og prøve på ryggbæring. Det var litt knotete å få Magnus opp på rygen, trekke panelet over han, og så stramme for å kunne feste, men heldigvis er han ein tålmodig liten mann, så han fann seg i å bli flytta rundt på oppå ryggen til mammaen. Eg kjenner at me lyt øve litt meir på det der. 

Har også funnet bileteserier på tettinntil som viser ulike måter å knytte på.
Ryggbæring med kryss framme (som eg testa i går)
Enkel brystavslutning ved ryggbæring skal eg teste neste gong

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar