søndag 30. august 2009

safta, sylta og hermetiserte plommer


Tanta mi tilbaud meg å plukke plommer mot å passe kaninene, så eg fekk anden over meg og plukka to store bæreposar. Alt for mykje sjølvsagt, men det fann eg ut når eg skulle tilberede dei.

Den fyrste posen vart til saft og syltetøy. Eg brukte denne oppskrifta:

Plommesyltetøy
1 bærepose plommer
1 kilo sukker
litt vatn i botnen

Enkelt og greit, men eg brukte lang tid på å dele alle og ta ut steinane. Sidan dette var litt impulsivt hadde eg ikkje noko syltepulver, askorbinsyre, sitron eller andre ting ein treng, så eg trur ikkje dei er til langtidslagring.
Ein kan og tilsette kanel, epler, pærer etc for å variere smaken.
Eg kokte dei renska plommene i omlag 15 min, før eg tilsette sukker, og kokte det opp att. Det vart veldig flytande, så når eg hadde det på glas, så sila eg gjennom eit dørslag. Avsila hadde eg på eigne glas og definerte som saft, så vart syltetøyet litt tjukkare.


Når eg skulle byrje på neste bærepose, så vart eg litt motlaus med tanke på all deling. I tillegg hadde eg berre fire sylteglas att, så eg laut begrense meg. Eg delte den i tre, og satte to delar i kjøleskåpet, og tenker å servere dei på den store festen til helga. Den siste delen hermetiserte eg.
Hermetiserte plommer
2 liter vatn
1 kilo sukker
1/3 bærepose plommer
Kok opp vatn og sukker. Når det kokar, så skrur eg ned temperaturen og legger vaska plommer med skall på oppi. Dei skal trekke rett under kokepunktet i fem minutt. Ta så opp plommene med hol-sleiv. Skalet sprekker gjerne litt opp medan dei trekker, så no tok eg av skalet på alle saman, og la dei på glas (øverste bilete). Kok opp att sukkerlaken, slå kokvarm væske over plommene, og sett på lok med ein gong.
Det vart eigentleg alt for mykje sukkerlake, så neste gong halverar eg oppskrifta. Dersom eg hadde vore rutinert på dette, så hadde eg hermetisert fyrst, og så brukt sukkerlaka til å søte syltetøyet og saften, men det får eg gjere neste gong.

2 kommentarer:

  1. Så flink du er!! Fikk lyst til å safte og sylte litt nå jeg også :-)
    Klem Bjørg

    SvarSlett
  2. Så koseleg å høyre at du vart inspirert! Det smakte veldig godt med nykokt syltetøy til kvelds! Klem!

    SvarSlett