torsdag 5. august 2010

Superenkel langpanne sjokoladekake uten egg


Dette er kaka som var med til barnehagen. Den er så lett å lage, det var faktisk ein 6 åring og ein nesten-4 åring som laga den no på tysdag, eg berre fann fram ingrediensane, og hjalp litt med oppmålinga.

Oppskrifta kjem frå Kristine, og er den beste sjokoladekakeoppskriften eg har prøvd! Takk, snuppao!

Oppskrifta er enormt diger, og eg pleier å ta av til ca 20 muffinsformer som eg steiker ved sidan av, og det er allikevel ei full langpanne, pluss at det er lov til å prøvesmake litt utan at det synes ;o). Oppskrifta kan halverast for å passe i rund form.

Kristines sjokoladekake

  • 1,2 liter kveitemjøl
  • 8 dl sukker
  • 6 ts natron
  • 6 ts kanel
  • 4 ss bakekakao
  • 1 liter kefir
  • 2 dl smelta smør

Bland alt det tørre. Rør inn litt og litt kefir og smør, til alt er godt blanda.
Eg smører langpanna med smør og eit lite dryss semuljegryn (tips frå mor), så løsnar den lett i botnen. Steik i 200 grader i 30-40 min

Glasur

  • 100 gram smør
  • 250 gram melis
  • 1 ss kakao
  • 1 ta vaniljesukker
  • 3-4 ss kaffe (evt appelsinjuice)

Pynt

Det du måtte ønske, feks dinosaurstrøssel, mjølkesjokoladenonstop, ahlgrens bilar, seigmenn, eller alt på ein gong

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar