Eg er styreledar i barnehagen og får tilbod om å være med på eindel interessante barnehagerelaterte kurs og foredrag. No er eg heime med vesle prinsesse, og har også anledning til å delta, gjett at vesle prinsesse også kan bli med, sjølvsagt.

I dag har eg vore med Private Barnehagars Landsforbund for å få ein djupare forståelse av det kommunale tilskotet til dei private barnehagane.
Dykk som kjenner meg privat veit at eg reint politisk ikkje er nokon stor tilhengar av privatisering. Det bildet er i ferd med å bli litt meir nyansert. Dei private barnehagane finnes no i stort antall ut over heile landet, og då må ein forhalde seg til den reelle situasjonen.
I dag har eg lært masse. Denne bloggposten handlar mest om korleis kommunane lagar urealistisk låge budsjett for barnehagesektoren, slik at dei kan bruke alle pengane dei får frå staten til alle andre morosame ting.
Statsbudsjettet
Det mest interessante er at sjølv om kommunane brukar sparekniven på eigne barnehagar, og dette påverkar tilskotet til private barnehagar, så er statsbudsjettet uendra. I reine ord betyr dette at sjølv om kommunane meinar dei ikkje treng så mykje pengar til drift av barnehagar, så seier staten at; jo, dette treng de faktisk.
Dei private barnehagane får per idag 91% driftstilskot frå kommunane, samanlikna med kommunale barnehagar. Det føreligg ein styring om at prosenandelen skal hevast til full dekning. Tidligare lovnadar har hevda full likestilling mellom kommunale og private i 2015, men prosentandelen skal hevast til 92% i 2012, noko som kan indikere ein forsinkelse i denne prosessen.
Budsjett
Eg vil ikkje hevde at komunane bevisst underrapporterar faktiske barnehagekostnadar i budsjetta sine. Kommunale barnehageansatte får kanskje ikkje nokon lønnsauke i 2011, ei heller pensjonsavsetningar. Det er ikkje sikkert kommunale barnehagar treng vedlikehald (dei treng kanskje litt investering frå tid til annan, men det er ikkje sikkert er på samme budsjett). Dei treng ikkje vasking heller, for dei har ikkje straum, så dei ser ikkje noko der).
Det finnes ein modell for korleis kommunane kan sette opp budsjett og regnskap, for å få full oversikt over barnehagekostnadane sine. Denne modellen er tilogmed basert på kommunane sin kontoplan, for at dei lett skal kunne bruke den.
Å sette opp eit budsjett er ikkje rakettforskning. Inntekter minus utgifter gjev eit resultat. Utfordringa ligg i å kunne finne alle inntekter, og trekke frå alle utgifter. Eg har aldri sett eit kommunalt budsjett, men ser levande for meg at dei ulike utgiftspostane ligg spredt over mange budsjett.
Regnskap
Det er ikkje lett å oppdage avvik i budsjetta, nettopp på grunn av spredning av utgiftspostene vil også regnskapet stemme, dei faktiske utgiftene er ført i mot dei postene der dei er budsjettert. Utfordringa ligg i at private aktørar må forhalde seg til ein annan verkelegheit enn dei kommunale. Private budsjett må være realistiske, og sidan desse er direkte påverka av dei kommunale er det essensielt for alle private aktørar at kommunal verkelegheit stemmer.
2012 - kva skjer til neste år
Kommunane har ein bemanningsnorm å innføre. Normen seier noko om kor mange pedagogar som trengs per barn i ein barnehage. Dette er ikkje ein ny norm, men den har ikkje vore praktisert bokstaveleg tala før. Det vil koste ganske store summar å innføre denne normen, då pedagogar er naturleg nok dyrare arbeidskraft enn assistentar. Eg synes det er viktig at vi har utdanna personale i barnehagen. Problemet med ein auka kostnad er at kommunane kan sjå det som naudsynt å kutte i assistentantallet. Antall barn per vaksne risikerar å stige, for kommunane har ikkje råd til å ha like mange ansatte på jobb samstundes.
Færre ansatte i barnehagen vil direkte påverke ditt barn sitt tilbod i barnehagen. Får du nyss i at din kommune planlegg å kutte bemaninng, så protester! Foreldra må også kjempe for å oppretthalde eit godt tilbod til born i barnehage!
Så, dette var dagens politiske hjørne :)
No skal eg feie over golvet (med blikket), sidan eg først skal på Od@nettverk-møte, og så får besøk av mitt eige lille Telenor-jentenettverk her heime etterpå. Alt skjer samstundes!
Eg vil gjerne vite din meining om drift av barnehagar, og ser fram til din kommentar i feltet her!
Ha ein drivandes dag!
¨
Klem, Ellen
Så stille det hadde vært her da.. Du må ikke plage folk med sånne alvorlige fakta på bloggen din vettu. Det er jo snart helg. Ahem.
SvarSlettJeg er helt enig i at når vi sender barna våre fra oss i ettårsalderen så er det liksom litt greit at det er mer enn en voksen per 13 barn da. Og ja, vi foreldre må stå på krava og organisere oss, det er vi altfor dårlige til.
Deilig å si sånn før jeg faktisk må gjøre det selv når Bolle skal i barnehage til neste år.. Men jeg er veldig med på tankene dine. Etterutdanning ftw!
Så utrolig bra innlegg, Ellen! Det er slik jeg opplever min kommunes forvaltning, men du stadfester jo dette med detaljert fakta. Dette innlegget er så bra, at jeg synes du bør sende det som kronikk til Aftenposten! Det er utrolig viktig tema å øke oppmerksomheten omkring, og du får det frem veldig, veldig godt!!
SvarSlettKarianne
Jg la ut innlegget på Facebooksiden min, jeg. Håper det er ok? Hvis ikke så fjerner jeg det selvfølgelig!
SvarSlettSjølvaste Mammadamen, tusen takk for koseleg kommentar! Eg er veldig kry over at du vil dele innlegget mitt vidare. Når det gjelder kronikk i Aftenposten så vil eg først dobbeltsjekke med barnehagen og PBL at eg ikkje seier noko som er heilt mellom staur og veggar, og så skal eg kanskje sende den inn, men det er eine og åleine takka din influering :)
SvarSlettHihi Klissi, aktiviteten her på propellbloggen er omvendt proposjonal med aktivitetsnivået i heimen! Krava til foreldre kjem frå alle kantar, det er slett ikkje lett å prioritere å stå på krava. Foreldre her i området har stått med lua i handa og vore takknemlege for å få ein barnehageplass. Korleis er det med barnehagedekninga på sørvestlandet?
Haha, sjølvaste Mammadamen du liksom;) God helg!
SvarSlettHer hos oss har vi forresten full barnehage dekning.. bare ikke i bydelen. Vi bor i en bydel der det dessverre er redusert sjanse om begge foreldrene er etnisk norske og i arbeid.. Den som var nav-klient, dere! Stor sannsynlighet for at vi får plass en annen random plass i Stavanger. Men for all del, det er mye bedre enn for noen tiår siden da man var prisgitt jakten på dagmamma. Hvis vi må kjøre litt hver morgen er det jo egentlig et luksusproblem. Vi krysser fingrene, Bolle ble iallfall født relativt tidlig på året!
SvarSlettOMG! Særskrivings-alarm! Mente sef. "barnehagedekning"..
SvarSlettDet var jammen godt du kom med den presiseringa altså! Eg kryssar fingre for at de får ein plass i nærheiten! Her har me gangavstand til barnehagen no, og det er supert!
SvarSlett