onsdag 30. november 2011

Tomt for smør?

Me har ei smørkrise i landet vårt! Butikkane er ribba, folk hamstrar smør til julebaksten, og no lyt me importere smør frå nabolanda. Vi kunne løyst dette sjølve, med å tillate meir mjølkeproduksjon.

Smør, sa du? Møø! (dagbladet)
Kva er smør?
Smør kjem frå kua. Dei fleste smørtypar er laga av kumjølk, men det er mogeleg å lage det av alle andre mjølketypar også, som geit, bøffel, hest etc. For å utvinne smør separerar du heilmjølk til fløyte og skumma mjølk. Fløyten vert kinna, då dannar det seg små smørklumpar, som kan pressast saman og formast. Du treng omlag 20 liter heilmjølk for å lage ein kilo smør.

Kvifor er det tomt for smør?
I Noreg er det streng kvoteregulering av mjølkeproduksjon. Eitt gardsbruk får berre produsere og levere 400.000 liter i året. Produserar du meir mjølk enn dette, blir du straffa, du får ikkje betalt for produktet du leverer, og kan risikere å måtte betale gebyr for overproduksjonen.

Norske bønder er klare til å auke mjølkeproduksjonen, men dei får ikkje lov frå Tine. Tine har uttalt at dei ikkje har hatt riktige prognosar for produksjon av mjølk i haust. Tine sliter også med å kunne tilpasse produksjon av ost og produksjon av smør opp mot kvarandre.

Tine på si side skuldar på dårleg vær, og dårleg fôr, som gjer at kyra produserar mindre mjølk.

Så no sitter me her då. Smørspisande lavkarbotilhengarar og hysteriske julebakarar, og må bruke latvisk smør. Eg vil heller ha fleire norske kyr.

Julebaksten min blir forrsten fin med margarin.

Klem, Ellen


4 kommentarer:

  1. MM. Hørte nettopp på radioen om dette. Mange bønder produserer over kvoten og må tappe ut i fraukjelleren fordi Tine ikke vil kjøpe. De importerer som du sier.
    En bonde som var intervjuet skulle lage smør selv. Han regnet med å få 10 kg eller så der. Til eget bruk :)
    Bruker også Melange. Bare smør der det står spesifikt. Synes også det funker fint, men i den er det vist palmeolje.. Nei. Klok skal man ikke bli :)

    SvarSlett
  2. Den var god :) Har også lest det der med palmeolje, snodige saker. Det ironiske syns jeg er at det stadig er smør uten salt i hyllene. Det må bety at lavkatbisene bare vil ha med salt og salt er ikke særlig sunt. Fint for meg siden jeg får tak i det jeg vil ha ;)

    SvarSlett
  3. Alle melkebøndene jeg kjenner (endel, mor mi er odelsjenta frå jeren) har solgt kvoten sin og driver golfbaner og petting zoos istedet. Vedder på de angrer nå når smør selges på svartemarkedet for nyfødte babyer.

    SvarSlett
  4. @Anki - nei, klok skal ein ikkje bli. Palmeolje kamuflert som vegetabilsk olje, eller reint og naturleg meitta feitt i smør. Ein skulle hatt si eiga ku. 10 kilo til eige bruk høyrest ut som det skal dekke julebaksten ihvertfall.

    @Bøllemamma - Den der palmeoljen er overalt! Så bra at du får tak i smør utan salt.

    @Klissi - haha, riktig på pent spissformulert. Kjem du frå gard? Eg har vokst opp med mjølkeproduksjon, men det er lenge sidan me solgte kvota. Det er uansett eit stykke å køyre til der eg vokste opp.

    SvarSlett