Magnus har på Frejkas pute på grunn av hoftedysplasi. Det betyr at hofteskålene hans ikkje vart heilt ferdig utvikla medan han låg inne i magen, og at beina hans skal ligge i 90 graders vinkel i ein periode på 18 veker. Etter det skal me på kontroll, og me har no fått time til røntgen 5. juni for å undersøke om han er blitt frisk. Omlag 1% av alle born har hoftedysplasi.
Hoftedysplasi er arveleg, og eg hadde det når eg var liten. Hjå meg vart det ikkje oppdaga før eg var 6 månedar. Det er stor forskjell på ein heilt nyfødt baby og ein på 6 månedar i forhald til mobilitet, så dess tidligare, dess betre. Eg låg også i pute, og vart heilt frisk, ingen hofteproblem på meg (bekkenløsning ved graviditet er heilt uavhengig av dette).
Det har vore litt styrete å ha på denne puta, men stort sett så har me funnet ut av det, og det vart fort ein del av rutinane. Han kjenner ikkje noko vondt av å ha på pute, dei fleste born har beina rett ut allikevel, og han kjenner heller ikkje til noko liv utan den, sidan han fekk den på to dagar gammal.
Nokon praktiske utfordringar har me hatt. Vogna vår hadde for trang bag, men me har fått låne ein ny OTH Mountain Buggy med bag. Bilsetet hans vart for trangt, så me måtte kjøpe eit med større plass til beina. Me endte med Acta Graco Duologic 2, som har god plass til beina, og kan brukast frå nyfødt. Han skal ikkje sitte for lenge i bilsetet om gongen, så ma har utsatt alle vestlandsturar til etter han skal slutte med pute.
På Bærum sjukehus er det ikkje vanleg å ha kontrollar av hoftene undervegs i behandlinga, men me har vore der ein gong på putesjekk, for å undersøke om me hadde riktig størrelse på puta. Det var ikkje naudsynt å gå opp i størrelse, for så lenge hoftene får riktig vinkel ut frå kroppen, er puta stor nok.
Born som er under putebehandling skal ha på seg puta 24 timar i døgnet. Dei skal sove med den, og helst ikkje ha for lange stelleperiodar, der dei ligg utan pute. Han kan ligge på magen, men det er ubehageleg for han, sidan han blir litt framtung, men han får lov til å ligge litt på magen utan bleie og pute ved kvart stell. Feks babysvømming får me ikkje reise på så lenge han brukar pute.
Påkledning under puta er kun naturlege materialer som ull, bomull eller silke. Det blir fort klamt under der, og me skiftar fleire strømpebukser om dagen. Eg har nokon få bukser som eg greier å ta utanpå puta når me skal ut og gå, men det beste er å ikkje ha nokon bukse utanpå.
Bæresjal går fint å bruke, eg har sleepywrap elastisk sjal, og det skal også gå fint med mei tai, men det har eg ikkje testa enno.
Litt meir info om hoftedysplasi frå Sjukehuset i Vestfold
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar