Me har nokre barnebøker sjølve, noko kjøpt, noko arva, og noko som vi har fått eindel i gåve. I tillegg så pleier me å låne bøker på biblioteket.
Asker bibliotek
Eg må skryte litt av Asker bibliotek, som er så kundevenleg og barnevenleg, det er ein fryd å reise dit med begge gullungane. Det er ikkje noko vanleg hysj-hysj område, heller tvert om. Det er ein liten leikekrok med klatrevegg og tjukkasmadrass under. Dei har eit lite leikehus, som er Emil sin snickarbod, og inne der er det mange leiker. Det er mjuke sofaer, og små bord og stolar, og eit eige lite Colosseum for lesestunder.
Frk 4 år sine favorittbøker
Dette er ein litt hulter til bultersamling over dei bøkene som vi likar godt
- Når to skal-bøkene. Enten to skal stå opp, rydde, kose, bade eller legge seg, så er dette fantastiske bøker som me kan enten lese rett fram, prate masse rundt og sjå på bildene, og tøyse vidare med sjølv.
- Fiat og Farmor-bøkene. Me har lest om Hemmelegheiten, og ein til, og akkurat no leser me om Honolulu. Kjempeskjønne bøker som har fantasifulle teikningar. Pluss for bruk av stor bokstav, då er det lettare å kjenne at bokstavane
- Karsten og Petra-bøkene. Me har ikkje lest så mange av desse, men dei er på skiskule, Petra skal i barnehagen, og i tillegg så har dei to kosedyr som leikar saman, Lille Kanin og Løveungen reiser ut i verdensrommet
- Gitte og gråulvene, sydensauene eller elgbrødrene. Hysterisk morosame, og Gitte er ei litt forsiktig, snusfornuftig jente. Me kom også over desse tre bøkene som DVD, det Pernille Sørensen leser til bildene frå boka.
Mr 1,5 år sine favorittbøker
Minstemann har også fatta interesse for å bla i og peike i bøker. Han følger litt med på når me leser med storesøster, men foretrekker dei for litt mindre barn.
- Peikebøker med bilder av dyr og bilar/traktorar. Alle bilar, maskiner og traktorar er brrrr, og han blir veldig glad kvar gong han kjem over ein slik ein. På dyra seier han mjau, bææ, møø, og dædædæ på resten, som varierar frå løver til krokodiller til insekt og edderkoppdyr.
- Miffi som går i dyrehagen eller har fått forstørrelsesglass. Miffi er veldig søt, teikningane er klåre, og det skjer ikkje så mykje i kvar bok. Eg er forresten usikker på om det er ein hund eller ein bamse som har gjort frå seg..
- Lille Tine skal spise er lett å leve seg inn i, han likar bollar, han blir lei seg når Tine blir lei seg, og gjev kos til henne når ho får kos frå mammaen og pappaen
- Olivia Storesøster likar også henne
Denne boka likte me IKKJE
- Hvem er søt. Det var ikkje noko kjekt å lese den, det var jo ingen som var søte, dei berre mobba kvarandre. Det freistar ikkje å prøve dei andre Hvem-bøkene.
Har du nokon bøker som du kan anbefale?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar