mandag 30. august 2010

Middagsplanar for september!



No nærmar hausten seg snøggfort, tenk at september er rett rundt hjørnet.

September
Det var så deileg å ha månedsplanen på plass at, eg har alt laga septemberplanen. Du kan berre klikke på bildet om skrifta er liten, så ser du kva me skal ha til middag den neste månaden. Blanke dagar er dagar som alle saman er på vift.

Overordna plan
Den overordna planen for dagane er som følger:

mandag - suppe
tysdag - fisk
onsdag - kylling
torsdag - fisk
fredag - pasta
laurdag - kos
søndag - kjøt

Redebygging
Det er eindel redebygging som pågår her i propellheimen for tida. Forventa babyankomst er framleis 22. oktober, men eg må utnytte energien medan eg har den. Så i løpet av siste veke er alt av barnetøy blitt samla og sortert i kategoriane baby, 6 mnd, 9-12 mnd, 1-2 år, 2-3 år, 3 år og 4 år. Eg fann tøy på dei mest utrulege plassar, og har fått tømt eitt skap oppe, og utallege bæreposar på boden.

Eg er ganske fornøgd med utbyttet i baby-kategorien, så no byrjar det å bli klart til å vaske og legge i pene bunkar og vente på oktober. Eg fann att dei fine nøstebarnulldressane i str 50 og 56, som er heilt ubrukte, sidan Magnusmann gjekk rett inn i størrelse 62. Det blir spennande å sjå om me får brukt småtteri-tøyet denne gongen.

Det som gjenstår no er å lage eit system for barnesko. Har du nokon gode tips for korleis ein best kan oppbevare ørtiførtitusen små sko og støvlar i ti forskjellige størrelsar?

Klem, Ellen

2 kommentarer:

  1. Veldig smart middagsplan! jeg har kun for en uke om gangen toppen to uker av og til... men må si du er flink! Jeg har ikke noen gode tips med det med skotrøbbelet vi er foreløbig kunn tre personer i hus og har klart å holdt oss med to skohyller med at hunden tar noen sko i ett jafs av og til så har vi bestesko i hver våre skap... men nå som vi blir fire i huset også i oktober her og:) så får vi se hvordan jeg skal løse skoplassen. må gjærne til med noen skoskap eller en ekstra skohylle. for sko må jo vi ha:) hehe Ha en fin helg!

    SvarSlett
  2. Så koseleg at du likte planen her! Den er eit godt bidrag i å halde harmoni i heimen i travle ettermiddagstimar, pluss at den hjelper oss med å spise sunnare, og meir fisk enn me gjorde tidligare.

    Eg hadde også vekesplan tidligare, og det var også heilt supert! Eg synes du er flink som har ein plan! :)

    Så koseleg at du også har termin i oktober! Klem!

    SvarSlett