
Eg er av den oppfatning at ein glad mamma er ein mamma som setter av litt tid til seg sjølv, og til å gjere hyggelege ting med vennene sine.
Klubb!
Eg er så heldig at eg har to "klubbar" med veldig flotte jenter, og me treffest på regelmessig basis. Tilsaman 8 flotte snupper som eg er veldig glad i, og som ein kan snakke med alt mogeleg om. Hadde det ikkje vore for alle snuppene, så hadde eg garantert vorten sprø for lenge sidan! Middagsklubben møtes ein kvardag ein gong i måneden, då kosar me oss med god mat og masse skravling. C-klubben møtes omlag annankvar månad, men me har ofte tur med ein overnatting.
Jentetur!
I dag er eg akkurat tilbake frå ein kjempekoseleg jentetur. Me reiste på hytta i går, og koste oss masse med god mat, frukt, eplekake med is, chips og 1,6(!) kilo smågodt. Me spelte Fantasi-spelet i går kveld, og takk og lov for at ingen avfotografete ei viss høggravid dame som ma mima "munn og klov-sjuke" i sofaen!
Me fekk låne ei kjempeflott hytte ved vatnet, perfekt plassering, og så deileg å bytte bort lyden av motorveg med lyden av bølgeskvulp.
Korleis finn du deg små pusterom i kvardagen?
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar