fredag 13. august 2010

Toppen av lukke!


Toppen av lukke når ein er fire år, det må være å reise på sirkus!
.
Elefantar, klovnar, hestar, sjonglørar, hundar, linedansar og trapesartister. For ikkje å gløyme sukkerspinn og popcorn. Fantastisk! Der var me i dag. Saman med tantekusinen, så det var skikkeleg jentetur. Kjekt for mamma også (sjølv om bekkenet knirkar litt etter to timar på plastikksetet).
.
I morgon er planen å hive alle dei visne og daude sommarblomane, og plante litt lyng. Og så skal Lise-snuppao få kino-bursdagsgåva si, og veslefrøken snupp skal på overnattingsbesøk hjå bestevenninna. Det blir ei god helg!
Kva er dine helgeplanar?

1 kommentar:

  1. Hmfr - det var tomt for all lyng på Plantasjen. Kva er dette, er det den store lyng-helga? Skal alle andre også skifte ut sine visne sommarblomar?
    Så eg kjøpte litt meire sommarblomar, dei var på salg. Så får eg heller kjøpe lyng når dei visnar ;o)

    SvarSlett