tirsdag 3. august 2010

Oppskrift på sukkerbrød og marshmallowsfondant (MMF)

I morgon er den store dagen, mi vesle prinsesse blir heile fire år!

I dag har svigermor og eg hatt årets storhandel, og gåvehaugen inkluderar trampoline til hagen, ein rosa sparkesykkel, eit brio-tog lokomotiv, og ny garderobe til babydokka.

Anna, eg, og den eine nye naboguten som tilfeldigvis var innom, har bakt langpanne sjokoladekake etter den gode gamle oppskrifta med kefir, den er no pynta etter alle kunstens reglar (seigmenn! ahlgrens bilar! mjølkesjokoladenonstop!) og skal bli med på barnehagetur i morgon.

Og så var det prinsessekaka til kvelden då. Eg hadde draumane om eit lekkert lite kunstverk i fjor, men det vart sjokoladekake pynta med smågodt (alltid stor suksess allikevel). Men i år skal eg ta draumane eit steg lenger, og eg har for fyrste gong laga sukkerbrød. Oppskrifta er henta frå matoppskrift.no.


Sukkerbrød
5 egg
150 g sukker
150 g kveitemjøl
1 ts bakepulver

  • Pisk lett og luftig eggedosis. Eg let kjøkkenmaskina stå i ti minutt, medan eg skrur på omnen, smører kakeforma og ryddar litt.
  • Sikt inn mjøl og bakepulver. Rør veldig forsiktig, du skal behalde mest mogeleg luftbobler. Eg er redd eg var litt for forsiktig og får masse klumpar, men det finn me ut i morgon.
  • Steik på 160 grader i 45 minutt.

Og så skal eg jo kaste meg uti denne marshmallowspyntekakeverda. Eg skal ta bilete av kaka og legge ut, dersom den ikkje er for ille.

MMF-lokk (som erstatning for marsipan)

200 g marshmallows
2 ss matolje
2 ss vatn
500 g melis

  • Smelt marshmallows og vatn i mikroen
  • Tilset olje og melis, og evt farge
  • Kjevle ut på silikonmatte

Dette er veldig søtt, så eg skal fylle kaka med bringebærkrem for litt frisk smak. Skal og ha evt vaniljekrem, dersom eg klarar å skjære sukkerbrødet mitt i tre deler.

Og slik ser heltinna ut for min fireåring:
Inspirasjonen til pyntinga er henta frå Ingvillskaker.


5 kommentarer:

  1. Åh, jeg har så lyst til å få til sånn fondant jeg også. Tror jeg må bake en dag og teste ;)

    SvarSlett
  2. Det der fondantgreiene er det største klisset eg har vore borte i! Eg har diverre ingen gode råd, til slutt gav eg opp heile lokk-produksjonen, og endte med noko som minna litt om ein rosa hello kitty-gris i eit hav av krem. Velvel, dette var første forsøk. Skal overføre bilder i morgon, og prøve på nytt til neste år.

    SvarSlett
  3. Foundant må ikke forsøkes å gjøres midre klissete med å tilsette ekstra melis..da blir den verre. Ta heller i mer olje, bruk litt mel til utbakinga

    SvarSlett
  4. Cupcakes med fargerik smørkrem er min løsning på bursdagkake... Evt toro-langpanne-sjokoladekake med fargerik smørkrem. For sukkerbrødkake og fondantlokk med pynt har jeg dårlige erfaringer med...!

    Håper dere hadde en fin bursda'feiring :-)

    SvarSlett
  5. Takk for tipsa, Anonym! Eg klarte ikkje kna inn all melisen, men bør eg varme massen meir, for å få inn all melis, før eg byrjar å kjevle? Og smakar det ikkje mjøl dersom du brukar mjøl til å kjevle ut?

    Scapa - då har me like erfaringar! Me laga ei langpanne sjokoladekake som var med i barnehagen, og den er ein sikker vinnar. Eg skal legge ut oppskriften, så du kan prøve, om du vil ha litt variasjon frå Toro. Den er ganske enkel, det var jo ein seksåring og ein nesten fireåring som laga kaka, eg berre fann fram ingrediensane.

    Cupcakes har eg liksom aldri fått dreisen på. Eg synes mine blir så puslete, og kremen blir så klissete. Treng nok litt cupcake-tips! :)

    SvarSlett