Først eit skrytebilde av prinsessa mi!
Tenk at du er fire år allerede.
Og så, til kakebakinga. Eg tok meg altså litt vatn over hovudet med den fondanten. Det vart skikkeleg klissete, og eg fekk ikkje eingong til å kna inn all melisen.

Takk og lov for bakematte i silikon, elles hadde eg vel framleis stått og vaska bort marshmallowskliss.
Etter ein litt oppgitt kommentar i går, fekk eg eit godt tips frå Anonym om å tilsette meir olje, samt å bruke mjøl når eg kjevlar det ut. Men eg er litt usikker på korleis det blir med mjølsmak.
Til slutt gav eg opp å produsere lokk, og prøvde meg på ein Kitty som til sist minna mest om ein gris (så Lisemor, all din skepsis slo til!). Her er vidunderet:

men smaken var god!
Til sist eit bilete frå terrassen, no er utvidelsen ferdig, og me har fått på plass trapp. Heile terrassen er no omlag 80 m2, og den er på tre sider av huset. På kortsida av huset har me sol i frå 9 om morgonen til den går ned på kvelden, og det er endeleg god plass både til å sitte og til å sykle og til å oppbevare. Heilt storveges.

Ferdig terrassegolv. Framleis gjenstår levegg, den kjem til neste år.
Moro at jeg var inspirasjon til bakinga di. Synd det ikke gikk så bra med mmf'en! Jeg bruker faktisk ikke matfett i, bare marshmellows, vann og melis :) Men er ikke så stor fan av det, så foretrekker å bruke marsipan :) Bedre lykke neste gang :)
SvarSlettTusen takk! Eg trudde at mmf var lettare å jobbe med enn marsipan, men eg trur eg prøver marsipan neste gong. Neste barnebursdag er i slutten av januar :)
SvarSlett