
I morgon er det min tur til å ha middagsklubb heime! Menyen er thai spesial.
Lisemor og eg var jo på Plah i går og spiste masse deileg thai-mat, med Panna Cotta til dessert, så no er eg inspirert til å runde av middagen med nettopp den desserten!
Forrett: Thai apertif; blader av Kina-brokkoli, fylt med fersk ingefer, lime, kokos, peanøtter, sirup og sesamfrø.
Hovudrett: heimelaga vårrullar (akkurat ferdig rulla), marinerte kyllingspyd med satay-saus, og kylling green curry. Serverast med ris, vårrullsaus og sweet and sour saus.
Dessert: Panna Cotta med bringebær- og bjørnebærcoulis.
Eg tenkte å taste ein ny Panna Cotta oppskrift som eg fann på Klikk.no (mykje bra inspirasjon der!)
Panna Cotta
- 5,5 dl fløte
- 1 dl melk
- 100 g sukker
- 1 stang vaniljestang
- 4 bl gelatin
Legg gelatinen i blaut.
Bland saman sukker, fløyte og mjølk, skrap oppi frøa frå vaniljestanga, og legg oppi stanga også. Kok opp under omrøring. Press vatnet av gelatinen, og legg oppi platene medan mjølkeblandinga framleis er varm.
Sett blandinga i kaldt vatnbad, og rør om til det tjuknar. Hell i porsjonsformer og sett kaldt i minst 2 timar.
C-momentet i morgon er at det er planleggingsdag i barnehagen, så den er stengt, og eg må handle. Begge gullungane skal få bli med på butikken, og eg kryssar fingre for at dei oppfører seg eksemplarisk både under handleturen og under all matlaginga. Anna er veldig glad i å delta, og Magnus er veldig glad i å prøvesmake, så det lovar godt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar