lørdag 23. oktober 2010

Halloween gresskar muffins oppskrift


Dagar over termin: 1
Eg har satt heile føde-prosjektet på vent. Det er betre å fylle dagane med noko hyggeleg, enn å berre gå og vente. Det kan uansett ikkje være så lenge til denne ungen finn ut at den har lyst til å komme ut og henge saman med oss andre.
*
Dei hadde graskar på butikken!
Eg kom over fine flotte graskar på vår faste Rema1000, og fann ut at det passar bra. Så no har me skåre ut Halloween-lykt som står ute på trappa, pluss at eg har gravd ut innmaten, og prøver å gjere nytte for alt fruktkjøtet.
*
Frøa vart kjempegode etter å ha steikt dei i ca 15 min i ovnen, med matolje og litt salt.
Og så har eg testa ein oppskrift på Graskarmuffins som eg fann på NRK sine sider. Litt modifisert, som vanleg.
*
Skummelt gode muffins
225 g kveitemjøl
200 g sukker
1 ts bakepulver
1 ts kanel
1 ts ingefær
1,5 dl matolje (eg brukte raps)
1,5 dl kefir
2 store egg
125 g graskar-kjøt
75 g nøtter (eg brukte hassel)
Bland det turre. Rør inn det våte. Køyr graskar og nøtter i matmaskina, så det er opphakka, og rør inn til sist.
Fordel i former, eg har brukt mange ulike, som både leike-kake-forma frå Ikea, dei hjerteforma silikonskålene, store og bittesmå papirformer.
*
Steik på 200 grader i 15-20 min.
*
Du kan bruke ein smørkrem som glasur på desse, men dei er sååå saftige, at når du serverar dei rett frå omnen, så treng du ikkje ha noko på dei.
Dersom det ikkje er graskar-sesong, så kan du bruke gulrot.
*
I kveld er det fullmåne, men det ser ikkje ut til å ha nokon innverknad på fødsel her i garden.
Klem, Ellen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar