torsdag 7. oktober 2010

Heimebaka polarbrød

Eg er kommen over ein oppskrift på heimebaka polarbrød, som eg er så freista til å teste, så eg må berre blogge den inn her, så eg ikkje gløymer det ;o)

Henta frå bloggen Alvebento

Polarbrød Alvefot

100 g havregryn
300 g sammalt fint kveitemjøl
600 g kveitemjøl
50 g demerasukker
1 pose tørrgjær
1/2 ts salt
2,5 dl vatn
3 dl ris eller havremjølk
2 ss knuste linfrø utrørt i 6 ss vatn
1 dl rapsolje

Køyr havregryna i foodprocessoren så dei blir til grovt mjøl. Lag vanleg gjærdeig, og elt den godt. Den skal være litt laus. Hev i 45 min.

Lag bittesmå bollar, som du kjevlar til flate brød (her tenker eg at det kan være moro å bruke pepperkakeformer, sidan dette skal bli barnehagebrød). Stikk hol med strikkepinne.

Ikkje etterhev for lenge, dei skal være flate. Steik på 225 grader i 7-8 min, dei skal berre såvidt få litt farge.

Avkjøl på rist, og legg dei i plastposar straks dei er avkjølt. Fine å fryse!

--

Her i heimen er formen fin, sjølv om eg er steike trøytt for tida. Det gjelder å sove seg opp til fødsel no! Har fått modningsakupunktur i dag, men føler meg ikkje så veldig moden.

I morgon har eg bursdag :)

Klem, Ellen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar